<< Til forsiden

– Eg vil ha fri flyt av mørk sjokolade og sjå Lionel Messi spele fotball når eg blir gammal

FRODE GRYTTEN
Frode Grytten (Foto: Paul S. Amundsen)

Forfatter Frode Grytten vil sammen med musiker Ola Bremnes være en aktiv kunstnerstemme under årets konferanse i Oslo.

Frode Grytten er en aktiv forfatter innen ulike genre – fra romaner, noveller og dikt til poetiske twitter-ytringer og teaterstykker. Gjennombruddet som dramatiker kom med Bikubesong (1999). I hans stykke Albert & Anna (2017) kommer vi tett inn på to eldre mennesker, som har elsket hverandre gjennom et langt liv. Men nå er Anna i ferd med å forsvinne. Og når hun blir borte, er også Albert redd for å miste alt det som har bundet dem sammen. 

Omsorg for personer med demens gjelder ikke kun profesjonelle, men også pårørende, som i økende grad selv blir pasienter. Frode Grytten har sin egen pårørendehistorie – som vi kan kjenner igjen i fortellingen om Albert og Anna. Dette vil han si mer om under konferansen, i samtale med Verdighetsenterets Stein Husebø. Nå i forkant har vi også benyttet anldningen til å stille ham fire spørsmål, om verdighet og alderdom:

- Hva er viktigst for deg nå du blir gammel?
– Eg vil ha tilgang til ei speleliste med dei beste Prefab Sprout-songane, samt ein TV der eg kan sjå Lionel Messi spele fotball, helst til han blir 83 år gammal, og så fri flyt av mørk sjokolade og ei ny bok frå Ali Smith kvar haust.
– Hva er verdighet for deg?
– For meg handlar det om sjølvrespekt, om å kunne gå gjennom livet med hovudet høgt, det handlar ikkje om å kjenne seg heva over andre, men om å vere viktig for dei ein er saman med, bety noko for dei ein kjem i kontakt med. Det er eit positivt ord, og problema oppstår ved fråveret av verdigheit, om ein til dømes ikkje maktar å få livet til utan hjelp, og verda rundt ikkje er viljug til å gi den hjelpa.
– Hvor gode er vi på verdighet i det norske samfunnet i dag? Særlig når det gjelder våre gamle?
– Det synest eg er eit så stort spørsmål at eg ikkje maktar å svare på det, ein må nesten spørje dei som er i den situasjonen at dei er avhengige av andre. Men eg vil legge til at det fanst ein lovnad i det norske samfunnet: At fleirtalet skulle ta vare på mindretalet som av ein eller annan grunn ikkje fiksa dette som heiter livet. Fleirtalet sa at dei skulle stille opp for mindretalet, om dei fall utanfor eller mista grepet. Eg registrerer at den lovnaden no er i ferd med å bli trekt tilbake, og erstatta med eit hardt språk om at mindretalet må skikke seg, stå opp om morgonen, ta seg saman, omstille seg, innfinne seg, slutte å syte. Det er individualismens endelige siger.
– Hva tenker du om alderdom?
– Så langt har eg bare observert alderdom, på godt og vondt. Det er sjeldan ei triumfferd å bli gammal, og eg gler meg ikkje til det. Eg har imidlertid løfte frå ein spåmann om at eg skal skrive til eg er 83 år. Det var visst ein skikkelig bra spåmann, det seier dei som har greie på spåmenn. Og sjølv om han var litt ute å kjøre på andre tema, veljer eg halde meg til det løftet han ga meg ein dag på Alternativmessa i Grieghallen i Bergen. Får eg skrive til eg er 83 år, blir det ein fest av ein alderdom.

 

Meld deg på Verdighetskonferansen - Kreativ Omsorg 2019.
26.-27. mars, 2019 i Oslo


Les mer om konferansen på www.vkko.no